Om Den kulturelle skolesekken

Mål og prinsipp for Den kulturelle skulesekken finst i Stortingsmelding nr. 38 (2002 -2003) Den kulturelle skulesekken og Stortingsmelding nr. 8 (2007 - 2008) Kulturell skulesekk for framtida.

Mål

Den kulturelle skulesekken skal:

- medverka til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod

- leggja til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikla forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag

- medverka til å utvikla ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.


Prinsipp

- Varig ordning. Den kulturelle skulesekken skal vera ei varig ordning for elevar i skulen.

- For alle elevar. Den kulturelle skulesekken skal femna om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva bakgrunn dei har.

- Realisera mål i læreplanverket. Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverka til å realisera skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.  

- Høg kvalitet. Elevane skal møta profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.

- Kulturelt mangfald. Den kulturelle skulesekken skal omfatta ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidperiodar.

- Breidd. Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vera representerte i den kulturelle skulesekken. Det skal vera variasjon i formidlingsmåtane. 

- Regularitet. Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.

- Samarbeid kultur - skule. Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.

- Rollefordeling kultur - skule. Opplæringssektoren har ansvaret for å leggja føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informera om innhaldet i god tid.

- Lokal forankring og eigarskap. Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunna kjenna eigarskap til Den kulturelle skulesekken.  


Leiing

Rogaland fylkeskommune (DKS Rogaland) leiar tiltaket i fylket og har ansvaret for at Den kulturelle skulesekken kjem alle elevar i fylket til gode. Kulturseksjonen, avdeling for allmennkultur administrerer DKS.

Det er utarbeidd ein plan for arbeidet med DKS i fylket. Planen vart vedteken i Fylkestinget 22. april 2008 og gjeld til og med 2010. Fylkestinget er øvste leiing for DKS Rogaland. Det er oppretta ei referansegruppe for DKS Rogaland.


Økonomi

For skuleåret 2008/2009 får DKS Rogaland 10 367 493 kroner av spelemidlane. DKS brukar om lag 2/3 av desse pengane til produksjonar som vert sendt til grunnskulane, medan om lag 1/3 vert fordelt til kommunae til lokalt kunst- og kulturtiltak.

For skuleåret 2008/2009 skal 500 000 kroner brukast i vidaregåande skular.

Rogaland fylkeskommune finansierer administrasjonen av DKS. 


DKS i kommunane og på skulane

Gjennom dei tildelte midlane skal kommunane skapa lokale tiltak. Kommunane utarbeider ein lokal treårsplan for DKS-arbeidet og ein årsplan med oversikt over tiltak på dei enkelte klassestega.

Kvar kommune har ein kommunekontakt. Kommunekontakten planlegg og samordnar dei kommunale aktivitetane i samarbeid med ei kommunal DKS-gruppe, samansett av representantar for kultur og skule, t. d.  bibliotek, kulturskole, kyrkje, kino, kulturvern og dei enkelte skulane. Kommunekontakten har også ansvaret for informasjon retta mot rektorane og kulturkontaktane på den enkelte skulen og med DKS Rogaland.

Det er kommunne sjølv som finansierer administrasjon av tiltaket.

Kvar skule har ein kulturkontakt eller ei kulturgruppe som skal bidra til å skapa et godt kulturmiljø på skolen samt å samarbeida med kommunekontakten, utøvarane som kjem på turné og DKS Rogaland.

Obligatorisk tiltak

DKS er et varig og obligatorisk tiltak for grunnskulane i landet. Ordninga er no i ferd med å bli innført i vidaregåande skular.