rogaland

Aktuelt

200 ungdomar klare til fylkesmønstring i Sandnes

200 ungdomar klare til fylkesmønstring i Sandnes

Fredag 15. april er årets UKM fylkesmønstring i gang på Vågen vidaregåande skule i Sandnes. Heile helga går med til øvingar, framsyningar, utstillingar og ulike kunstverkstader. Heilt nytt er at nokre av ungdomane skal smykka ut ein vegg i Sandnes sentrum med gatekunst, nokre skal laga lydspor ved hjelp av gamle radioar og elektriske leiketøy, medan ei siste gruppe skal filma det heile. Helga startar sterkt med rockebandet Slutface, som har ein eksklusiv konsert for deltakarane fredag kveld.  

Progammet for vidaregåande skular 2016/2017 er klart

Progammet for vidaregåande skular 2016/2017 er klart

Årets kulturmeny for dei vidaregåande skulane inneheld 13 produksjonar innan musikk, scene, litteratur, film, visuell kunst og kulturarv. Frist for påmelding er 10. mai.

"Skakke sanger" nominert til årets Spellemannpris

"Skakke sanger" nominert til årets Spellemannpris

Skulekonserten Skakke sanger, som har turnert skulane i Rogaland i fleire år, er nominert til årets Spellemannpris i klassa for barnemusikk. Vi gratulerer Britt-Synnøve Johansen, Johan Egdetveit og John Lilja! Utdelinga vert vist direkte på fjernsyn laurdag 30. januar. Og elevane i Ryfylke kan gle seg ekstra, for giss kven som kjem til skulen i perioden 7. - 29. april: Skakke sanger! Og det er Årdal skule i Hjelmeland som er først ut. Ta godt i mot dei.

Forslag til formidling i DKS/Skulekonsertar

Frist for forslag er kvart år 1. november. Svar vert sendt ut seinast 15. februar året etter. Nærmare informasjon om søknadsprosessen vert lagt ut 1. september.

Tilskot til filmprosjekt i Den kulturelle skulesekken

Tilskot til filmprosjekt i Den kulturelle skulesekken

Norsk filminstitutt vil i 2016 gje tilskot til filmprosjekt i DKS som ledd i ny nasjonal filmfordelingspolitikk i samband med omlegginga av DKS. Tilskota kan gå til filmprosjekt og formidling av film som kunstform til elevar i grunn- og vidaregåande skule. Prosjekta skal vera knytt til DKS på nasjonalt, fylkeskommunalt eller kommunalt nivå. Søknadsfrist 1. mars og 1. juni 2016.



  test