Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Nina og sommarfuglfiskane
Produksjonsliste
Program

Nina og sommarfuglfiskane

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Nina er Nina. Ho speler gitar og syng, og det er ho som skriv songane til bandet. Sommarfuglfiskane er Ivar og Dan, og dei speler trommer og bass. Sommarfuglfiskar kan vera like fargerike og ulike som sommarfuglar. Slik er det òg med dette bandet, som blandar saman musikk og taktartar frå land som USA, Kuba, Kongo – og Noreg.

Alle tekstane er av Inger Hagerup, ein forfattar som skreiv dikt for både for vaksne og barn. Dikta for barn er fargerike, morosame og litt sprø. Dette er dikt me kan undra oss over. Kanskje er det ikkje alt me skal forstå?

Nina og bassist Dan møtte kvarandre då dei studerte jazz i Trondheim. Her spelte dei og fann på ny musikk dagen lang. På denne turneen er Ivar med som trommeslagar. Han studerer musikk i Oslo.

Lærerveiledning

Konserten kan brukast til å nå måla i både musikk- og norskfaget.

Musikk

Innan musikk kan elevane sjå videoane av Nina og sommarfuglfiskane på www.ninaandthebutterflyfish.com. Her er òg to youtube-opptak med døme på musikk som har inspirert Nina:

Arbeid i for- og etterkant av konserten er mellom anna relevant for desse måla i læreplanen for musikk, under Lytte:

  • Kompetansemål etter 2. årstrinn: samtale om musikkens klang, melodi, rytme, dynamikk og tempo
  • Kompetansemål etter 4. årstrinn: gjøre rede for egne musikkopplevelser, om ulik bruk av musikk og ulike funksjoner musikk kan ha
  • Kompetansemål etter 7. årstrinn: diskutere særtrekk ved kunstmusikk, norsk og samisk folkemusikk, folkemusikk fra andre land og rytmisk musikk

Norsk

Alle tekstane på konserten er av Inger Hagerup Hagerup. Nina og sommarfuglfiskane Dan og Hans vil tolka dikta på sitt eige vis. Her er ei liste over dikta som blir brukte i  konserten:

Frå «Så rart» (1950)

  • Alle elefanter
  • Fru Olsen har boller
  • Så rart!
  • I huset bortenfor
  • På havets bunn står skutene
  • Kvelden lister seg på tå

Frå «Lille persille» (1961)

  • Lille persille

​​Frå «Jeg gikk meg vill i skogene» (1939)

  • Rolig mellomspill
  • Du og jeg

Alle dikta er trykte i Inger Hagerup: Samlede dikt. Ein finn alle bøkene av Inger Hagerup på www.bokhylla.no. Klassane kan jobba med dikta av Inger Hagerup basert på måla i læreplanen for norsk, under Språk og kultur:

  • Kompetansemål etter 2. årstrinn: samtale om innhold og form i eldre og nyere sanger, regler og dikt
  • Kompetansemål etter 4. årstrinn: samtale om sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre språk
  • Kompetansemål etter 7. årstrinn: presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk

Etter konserten kan klassane samtala om kva dei har opplevd, om musikken, om tekstane, om korleis Nina har valt å framføra tekstene og om skilnaden mellom det skrivne diktet og den musikalske framføringa. Dei eldste elevane kan òg diskutera skilnader i form og tematikk mellom vaksen- og barnedikta. Etterarbeidet kan ta utgangspunkt i måla i læreplanen for norsk, under Sammensatte tekster:

  • Kompetansemål etter 2. årstrinn: uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser
  • Kompetansemål etter 4. årstrinn: drøfte noen estetiske virkemidler i sammensatte tekster
  • Kompetansemål etter 7. årstrinn: forstå, tolke og sammenholde opplysninger fra flere uttrykksformer i en sammensatt tekst

Om utøvere og produsenter

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Nina og sommarfuglfiskane
  • Produsent: Hallgeir Frydenlund (Rikskonsertane/Kulturtanken) og Egil Ovesen (DKS Rogaland) 

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Nina og sommarfuglfiskane
  • Nina Kristine Linge (Song og gitar)
  • Dan Peter Sundland (Bass)
  • Ivar Myrset Asheim (Slagverk)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Nina & sommerfuglfiskene
Foto: DKS

Video/Lyd

Musikk / Jazz/blues, Litteratur
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Anne Kristin Høiland (turnélegging) - 51 51 68 64 / 480 08 838 / anne.kristin.hoiland@rogfk.noEgil Ovesen (program) -51516886  egil.ovesen@rogfk.no
Programlengde
35 minutt + 10 minutt ettersamtale
Maks publikumsantall
160
Bærehjelp
Me ber om at tre elevar møter musikarane og hjelper til med å bæra utstyr 75 minutt før fyrste konsert og 20 minutt etter siste konsert.
Oppriggingstid
90 min.
Nedriggingstid
45 min.
Rom/areal, bredde, lengde, takhøyde, veggareal
Aula eller gymsal.
Strøm
Det er naudsynt med straumuttak nær spelestaden.
Merknad om publikumsplassering
I ein gymsal kan elevane nærmast scena sitta på matter, dei bak der på gymsalbenkar og heilt bakerst kan dei sitta på stolar.
Scene
I ein gymal vil musikarane laga til scena si midt på den eine langveggen.
Merknad for spillested
Ver vennleg å sjå til at det er normal romtemperatur i konsertlokalet.
Merknad
  • Det er viktig med god aldersspreiing på konsertane, med store og små barn saman. For at konserten skal fungera for føremålet, er det essensielt at heile aldersgruppa er representert på konserten.
  • Det er fint om nokre av elevene vil ønska velkommen til konsert.
  • Me ber om at lærarane set seg saman med elevane, der dei er publikum og opplever konserten på lik linje med elevane.
  • Dette er ein konsert som toler litt liv og røre i salen - elevane kan ha trong til å uttrykka seg med latter, røyrsle eller med å kviskra nokre ord til eleven ved sida av.
  • Rett etter konserten har musikarane ein samtale med elevene, der dei får høve til å ytra seg om kva dei har opplevd og å stilla spørsmål til utøvarane.
  • Me ber kulturkontakten om å  vera tilgjengeleg under gjestinga. Og hugs, det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad.
Lenker
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Hallgeir Frydenlund (Rikskonsertane/Kulturtanken) og Egil Ovesen (DKS Rogaland) 
Rikskonsertene
Medvirkende
  • Nina Kristine Linge (Song og gitar)
  • Dan Peter Sundland (Bass)
  • Ivar Myrset Asheim (Slagverk)