Tilbake

#Aktuell informasjon

Aktuell informasjon til skular, kommunar og utøvarar.

Sist oppdatert 11.11.20.

Les meir:


  • Oppdatert informasjon om smittevern tiltak, DKS Rogaland 11.11.2020

    Den kulturelle skulesekken går som planlagt så lenge skulane framleis er på gult nivå (i samsvar med UDIR sin trafikklysmodell for skular). Alle formidlingane vert gjennomført med detaljerte smitteverntiltak. Det er laga ein eigen smittevernrettleiar for DKS Rogaland, men me følger skulane sine eigne retningsliner for smittevern, og justerer til dømes ned tal på elevar per formidling når dette trengs.

    Me følger til ei kvar tid råda frå Folkehelse instituttet (FHI), Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og frå lokale myndigheiter.

    Om de har spørsmål, ta kontakt med DKS Rogaland.

  • Konsekvensar av koronavirus for DKS-arrangement, oppdatert 23.04.2020

    Den kulturelle skulesekken (DKS) i Rogaland fylke følgjer Folkehelseinstituttet og styresmaktene sine råd og pålegg.

    Alle DKS-arrangement er avlyst til og med 15.juni

    Måndag 20.april fekk me melding om at Kulturdepartementet og Kulturtanken har bestemt  at dei godtek at fylke og kommunar utbetalar honorar for avlyste DKS-oppdrag ut skuleåret. DKS Rogaland vil difor betala honorar for avlyste turnear, også i mai og juni 2020. Det vert ikkje dekka reise- og diettkostnadar for oppdrag som ikkje vert gjennomført.  

    Me gjer merksam på at Kulturtanken viser tillit til at kommunar og fylkeskommunar fattar rett avgjerd i denne saka. DKS Rogaland skal sjå til at alle DKS-midlane vert nytta til føremålet og oppmodar difor utøvarar og institusjonar som kan søke om å få kompensert heile eller delar av det avlyste oppdraget gjennom andre tiltaksordningar, til å gjere det. Informer DKS Rogaland om du mottek eller kjem til å ta i mot ein slik kompensasjon.

    For meir informasjon frå Kulturtanken: https://www.kulturtanken.no/tankebloggen/2020/4/20/godtar-utbetaling-av-honorar-for-avlyste-dks-oppdrag-ut-skoleret

    For meir informasjon om kompensasjon for frilansarar: https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyttig-a-vite/koronavirus--informasjon-fra-nav/koronavirus-informasjon-til-selvstendig-naeringsdrivende-og-frilansere

    For meir informasjon om kompensasjon for sjølvstendig næringsdrivande: https://kompensasjonsordning.no/

    For spørsmål om DKS- Rogaland: https://www.skolesekken-rogaland.no/kontakt_oss

    For helserelaterte spørsmål: https://www.fhi.no/

  • DKS-program i perioden 12.3.-30.4.2020. Oppdatert 12.03.2020.

    I samband med den pågåande situasjonen med koronaviruset har Rogaland fylkeskommune iverksett diverse tiltak for å bremse smitte av koronaviruset.

    Kulturavdelinga i Rogaland fylkeskommune har ansvaret for ei rekke arrangement i regi av Den kulturelle skolesekken i grunnskulane og dei vidaregåande skulane. I dag 12. mars 2020 vart følgande tiltak sett i verk:

    1: Alle DKS-turnéar blir avlyst frå 13. mars til 30. april 2020. Dette gjeld både i grunnskulen og vidaregåande skule.

    2: Ny vurdering for resten av skuleåret vert gjort etter påske.

    3: Rogaland fylkeskommune vil utbetale avtalte honorar i samsvar med kontrakt til alle utøvarar det er inngått kontrakt med i denne perioden. Diettkostnadar og reisekostnader som ikkje er gjennomført vert ikkje dekka.

    4: DKS-administrasjonen vil avbestille alle reiser, hotell, leigebilar osb. som er gjort i samband med turneane.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Publikumskommentarer