Tilbake
Lampen og speilet
Kva motiverer kunstnaren til å skape? Og korleis kan kunst påverke verda?
Med utgangspunkt i dei to metaforane lampen og speilet ynskjer prosjektet gjennom ei samling kunstverk sett saman i ein formidlingsinstallasjon å gjera elevane kjende med, samt inspirera til refleksjon og samtale rundt, kunstens vesen og funksjon - frå det poetiske og estetiske til det politiske og kritiske.
Økta startar med ei felles innleiing ved formidlar, før me alle beveger oss rundt i installasjonen og observerer. Elevane går så saman i mindre grupper og diskuterer verka ved hjelp av eige formidlingsopplegg. Økta endar opp i ein felles samtale der me deler våre refleksjonar og inntrykk.
Om utøvere og produsenter
- Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
- I samarbeid med: Stavanger Kunstmuseum
- Idé/opplegg: Kenneth Varpe
Publikumskommentarer