Tilbake
Aimi Wallumrød

Gikk Moe på do tro?

Gikk Moe på do tro? er ei formidling om Jørgen Moe og eventyra han samla inn. Her får elevane ei annleis oppleving i klasserommet.
Fortellaren(Aimi eller Kristine) tek elevane med til Moe gard og vil med munnleg forteljarkunst og musikk blåsa støv av bøkene og liv i eventyra.Saman fabulerer dei om tida Moe levde i, om garden han budde på, og korleis eventyra har reist frå munn til øyrer til munn, - kanskje byrja dei på do? Mindre kjent er det at Jørgen Moe samla gåter, dyrenamn, leiker og ikkje minst folkemusikk. Ingvild Græsvold fortel om Fanitullen og speler så det rykkjer i dansefoten. Nokre av elevane får prøva seg på å dansa Gangar medan dei andre held takta. Så får elevane prøve seg på eit skikkeleg Hallingkast. I tillegg til å improvisere fram lydar og klangar på fela som passar til eventyra, speler Ingvild både bruremarsj, musikk av J.S. Bach, Tom Waits, Robert Schumann og Johannes Brahms.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Idé/opplegg: Aimi Wallumrød

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer