Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
ERLEND VIKEN TRIO
Produksjonsliste
Program

ERLEND VIKEN TRIO

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Fele, caps og kebab


Sommarfugljakt i djupaste jungelen og desperat leiting etter gjenglemte instrument på kebabsjappar. Erlend Viken Trio gir ei nesten unplugged oppleving på fele, gitar, banjo, cello og sag.

Erlend Viken starta med fele allereie som 6-åring, men blandar gjerne inn tonespråk frå all mogleg anna musikk han har spelt og hørt på. – Eg følgjer ikkje regler når eg lagar musikk, seier han. Denne gongen speler Erlend med ein gitarist og ein cellist - og sjølv om det ikkje er heilt standard og A4 å blande el-gitar, cello og hardingfele, låter det ikkje så verst når Erlend Viken, Marius Graff og Leo Svensson Sander speler i lag: Ein stor dæsj folkemusikk, ei klype klassisk, bittelitt rock og ei aning blues.

Bruk konserten


Bruk konserten i norsk-undervisninga

Kompetansemål i norsk 5. - 7. trinn:
”skrive forteljande, skildrande, reflekterande og argumenterande tekstar etter mønster frå eksempeltekstar og andre kjelder, og tilpasse eigne tekstar til formål og mottakar”

Tips:
- La elevane skrive ei musikkmelding
Nytt nettsidene til P3 Lydverket eller kultursidene til avisene for å sjå ulike vis å melde musikk på.

Om utøvere og produsenter

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Erlend Viken Trio
  • Produsent: Rikskonsertene

Om kunstner / utøver / gruppe

Erlend Viken har turnert med blant andre Aasmund Nordstoga, Majorstuen og FRIKAR Dance Company. Sommaren 2012 vart han kåra til Årets unge folkemusikar. INTRO-folk - Årets unge folkemusikar er eit lanseringsprogram for unge folkemusikarar på veg mot ei profesjonell karriere, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. Lanseringsprogrammet er eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og FolkOrg. Tidlegare vinnarar er: Majorstuen, Benedicte Maurseth og Kim André Rysstad.

Erlend Viken fyller scena med nærvær og ro, han vekslar mellom det humoristiske og det melankolske, og tar med seg publikum inn i musikken. Som ein i Intro-Folk juryen sa: "Skulle ønskje det ikkje ville ta slutt!"

Erlend Viken var ferdig på Noregs Musikkhøgskole våren 2008 og har jobba som frilansmusikar sidan. Han er fast medlem i fleire grupper, blant anna Earlybird Stringband. Den første plata deira vart nominert til Spellemannspris i 2011. Med duoen Viken/Brimi vann han Folkelarmprisen i 2009.


Medvirkende

  • Erlend Viken Trio
  • Erlend Viken (Fele og hardingfele)
  • Marius Graff (Gitarar og banjo)
  • Leo Svensson Sander (Cello og sag)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Erlend Viken Trio.jpg
Foto: Erlend Viken Trio
Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Ane Carmen Roggen,
Rikskonsertene/Kulturtanken
tlf. 934 45 207
Kontaktperson utøver
Erlend Viken, 901 65 342
Programlengde
Ca. 40 minutter
Maks publikumsantall
150
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna lokale
Lydutstyr
Musikerne har med eget lydutstyr
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Strøm
2x10A
Merknad om publikumsplassering
I amfi (halvsirkel) med midtgang. De yngste klassene først på matter, så benker, så stoler, der dette er mulig.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Rikskonsertene
Rikskonsertene
Medvirkende
  • Erlend Viken (Fele og hardingfele)
  • Marius Graff (Gitarar og banjo)
  • Leo Svensson Sander (Cello og sag)