Tilbake
Stavanger Kunstmuseum
Stavanger Kunstmuseum

LARS HERTERVIG OG AUGUST CAPPELEN - romantikken i bildekunsten

Stavanger kunstmuseum husar i vinter ei utstilling med verk av Lars Hertervig (1830–1902) og August Cappelen
(1827–1852). Me nyttar høvet til å invitera elevar til eit museumsbesøk med fokus på romantikken.

Hertervig og Cappelen var begge elevar ved Düsseldorfskulen på omlag same tida og er to av dei framste representantane innafor det romantiske landskapsmåleriet i Noreg. Medan Hertervig er mest kjend for sine naturskildringar frå Tysvær, Ryfylke og kysten langs Rogaland, skildrar Cappelen i hovudsak ulike landskapsparti frå nedre Telemark. Me kan oppleva melankoli, besjeling av ulike naturelement og det forgjengelege i naturen hjå begge kunstnarane.

Kva var utgangspunktet for romantikken som periode? Korleis kan me lesa Hertervig og Cappelens landskapsskildringar som eksempel på romantikken? Kan me sjå romantiske tendensar i samtidskunsten?

Me søker å svara på spørsmåla over med føredrag, besøk av utstillinga, samtale og ei praktisk oppgåve.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Publikumskommentarer