Tilbake
Marie von Krogh

DEN SORTE FLOKKEN

Vi snakkar ofte om ungdomsåra. Med glød eller grøss. Kva forma meg? Kven møtte eg og kven gjekk eg frå? Kva høyrde til meg og kva trakk eg meg mot? Opprivande, intense år kan flytta fokus vekk frå framtid og mogelegheiter. Er det lettare å kjenna seg marginalisert i eit tilsynelatande velsmurt miljø? Korleis finn ein flokken sin?


Fotograf Marie von Krogh har følgt ein gjeng ungdommar i Stavanger gjennom fleire år. Det har blitt ein bildeserie og utstilling om tenåringsliv frå ein by som kan synast å by på det meste du kan ønska deg. Gjennom bilde og føredrag lærer elevane om korleis fotografen jobbar for å koma tett på menneska og historiene, korleis den kreative prosessen går føre seg i møte med menneska og deira personlege historie. Von Krogh vil snakka om tema som ungdomsår, stereotypar og identitet, og gi døme på korleis kunsten gjennom historia har tematisert utanforskap.


Skulane får tilbod om å ha utstillinga Den sorte flokken hengjande nokre dagar før fotografen besøker skulen. Utstillinga kan tilpassast rom på skulane.


Alternativ 1: 45 minutt bildevising og føredrag (maks 90 deltakarar).


Alternativ 2: Heildags verkstad. Målet er å få ungdommane til å tenkja over korleis bilde skapar forteljingar om andre personar, kva som definerer identitet og korleis fordommar og stereotypar oppstår. Ungdommane vil bli betre kjende med ein medelev gjennom ein-til-ein-intervju, og skal deretter portrettera medeleven på ein måte som fortel noko om eleven. Von Krogh vil også demonstrera enkle verktøy for betre fotografi, som komposisjon og bruk av naturleg lys (maks 30 deltakarar).

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer