rogaland

Gullsekken

Bilettekst:
Frå venstre: Torgeir Reiten og Bente Dyrseth frå Trøndelag Teater (vinnarar av beste produksjon), direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid, elevråddsleiar ved Gosen skule, Stephanie Owusu-Boakye, statssekretær Halvard Ingebriktsen og Åsmund Berge Jenssen frå Gosen skule.
 

Gosen ungdomsskole i Stavanger vant Gullsekken 2009 for beste skolesekk-skole i Norge. Hvordan fikk de det til – og hva kan din skole lære av Gosen? Prosjektkoordinator Karin Sunderø gir deg oppskriften.

Gosen ungdomsskule i Stavanger er landets beste skule til å arbeida med Den kulturelle skulesekken! For denne innsatsen fekk dei utdelt Gullsekken 2009 under Nasjonal nettverkssamling for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Hamar 17. mars 2009. Det var statssekretær Halvard Ingebriktsen frå Kultur- og kyrkjedepartementet og direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid, som delte ut den gjæve prisen. I statuttane for ”Gullsekken” står å lesa: Prisen for beste skole skal gå til en skole som arbeider med Den kulturelle skolesekken i tråd med målene og prinsippene for stasinga. Skolen skal vise at den legger til rette for at alle elevene gjennom sin skoletid får møte profesjonell kunst og kultur i alle sjangre, og at den integrerer kunst- og kulturmøtene i skolens øvrige virksomhet. 

Prisen er på 100.000 kroner, og pengane skal gå til skulens arbeid med kunst og kultur. Gosen skule vann prisen i tett konkurranse med tre andre finalistar – den eine av desse var Kolnes skule frå Karmøy. Rogaland hevda seg med andre ord i toppskiktet med begge dei nominerte skulane!
 
Gosen skule har dokumentert eit langvarig og breitt engasjement innan kunst- og kulturarbeid. Dette har dei nedfelt i ”Kvalitetsplan for Gosen skole 2007 – 2011”, der kultur er eige fokusområde. Skulen arbeider aktivt for at kunst- og kulturaktivitetar og den estetiske dimensjonen skal gjennomsyra heile skulens verksemd – som ein naturleg del i alle fag. Gosen skule kan visa til kulturtiltak innan alle genrar, både som elevaktivitetar og i form av samarbeid med profesjonelle kunstnarar og kunstinstitusjonar. Gosen skule var europeisk pilotskule for kulturbyåret Stavanger2008.
 
Les mer: