rogaland

Elevar som arrangørar i arbeid

Elevarrangørane på Goa skule i Randaberg har alt praktisert det dei lærte på kurset i haust. Jarle Bernhoft og lydteknikar Frode Røe hadde berre godord om arrangementet.

Karoline Nordbø, Kristine Næss, Oda Goa Berge, Arve Sem-Henriksen jr. og Marius Losvik  hadde ansvaret for å arrangera Jarle Bernhoft Solo-konserten. Dei tok imot musikaren og lydmannen Frode Røe, skaffa garderobe - og ikkje minst - dei hadde kokt morgonkaffe! Arrangementet gjekk knirkefritt og ungdomsskuleelevane på Goa fekk ei flott musikkoppleving i auditoriet på skulen.

Her kan du lesa meir om kva ein elevarrangør er.

 

Elevarrangørane på Goa er klare til å ta imot Jarle Bernhoft

Elevarrangørane på Goa er klare til å ta imot Jarle Bernhoft